skip to main |
skip to sidebar
"Herredømmets slaver" blei eg ferdig med i haustferien. Boka var ikkje like spanande som den andre, men spanande likevel! Tårnfalk fekk sjå familien sin igjen og Frimann og Tårnfalk klarte å knuse Herredømmet i saman. Nå er dei på vei til Heimlandet med profeten Ira Haver som vegviser og mor.
I den neste boka som heiter Ildsang fortset ferda mot Heimlandet. Det er rundt 30 stykker som blir med. På denne reisa skjer det mykje. Kidnapping, surrande fluer og forsøk på drap. Frimann venter enno på at han skal bli henta av sangarane for å slutte seg til dei og då skal han ofre seg sjølv for å slå moraen (det onde i verda). Tårnfalk blir så lei seg når han skal reise at ho enkelt og greit seier at ho skal være med. På reisa til sangerøya Sirene skal Frimann bli lært opp til å bli ein skikkeleg sangar. Læraren er ingen annan enn Albert - herre i Herredømmet! Han lærar Frimann mykje og når dei kjem til Sirene finn dei den daude forfaren deira - profeten Ira Mant. Dei gir han krafta deira så alle sangarane vakna på øya. Det heile endar med at det er Tårnfalk som ofrar seg. Det var ein skikkeleg trist slutt det der, eg grein veldig mykje!! Tårnfalk finn eldsangen i seg sjølv, mens ho flyg mot Moraen saman med dei andre sangarane og står i flammar og forsvinn i flammen. På same tid har mantarane sett heimlandet deira. Frimann kjem flygande, og mora, som er døyande, kan endeleg døy nå som ho har sagt farvel til Frimann.
Pinto giftar seg med Mumpo, prinsessa Sisi giftar seg med Frimann og dei herskar saman i riket av Gang, Kreot bur med Fru Foster og dei har ein fin liten gard med kyr, Stikka åpnar eit bakeri og Tårnfalk lever vidare i Frimann.


Desse bøkene burde du verkeleg lesa! Det er dei beste bøkene eg NOKON gong har lest!
Så kva skal eg lese no? Eg har eigentleg ikkje lyst til å lese anna enn historiar om Tårnfalk lenger, men eg må jo det! Eg likar fantasy som de forstår :) Så viss de har forslag til bra bøker, så bare legg igjen ein kommentar.
PS: Kjærleiksbøker er ikkje noko spess for meg...
(Eg måtte skrive på nynorsk, oppgåve på skulen, sei i frå hvis noko var feil!)